Arbeid i Ryfylke!
Frå Ryfylke går det ein straum av energi, råvarer og menneskelege ressursar ut til den store verda.
Elektrisitet, sand, tømmer, egg, tomatar, fisk, frukt og slakt blir sendt frå Ryfylke i store mengder.
Kva skulle storsamfunnet gjort utan oss, kan vi retteleg spørja.
Kva hadde Stavanger og Haugesund vore utan Ryfylke? Kor skulle dei fått hjernekrafta frå, og kven skulle forsynt dei med betongtilslag og lys og varme og viktige element i kosthaldet?
Ikkje berre forsyner vi storsamfunnet med viktige ressursar.
Vi utviklar sjølv spisskompetansen som skal til for å driva med dette, og vi er stolte av det!
Vi har difor laga ein database over så godt som alle bedrifter i Ryfylke. Alt frå trevarer til frisørar.
klikk her, for å sjå kva jobbar du finn i Ryfylke!

