RYFYLKE - kommunane IKS
Besøksadresse: Sande Næringsbygg
4130 Hjelmeland
Tlf. 47 66 11 00
Fax 91 09 47 49
Kva og kven er RYFYLKE IKS?
Ryfylke kommunanes interkommunale selskap,
er eit interkommunalt selskap eigt av kommunane:
- Forsand
- Strand
- Hjelmeland
- Suldal
- Finnøy
Føremål
Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid på generell basis med særleg hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt. Selskapet kan driva si verksemd dels i eigen regi og dels fungera som tilretteleggjar for andre offentlege og private verksemder.
Målsetting
Selskapet sin målsetting er auka busetting og sysselsetting i Ryfylke.
Selskapet skal vera opptatt av i stadig sterkare grad å markera Ryfylke sine felles interesser mot omverda. Detter vert sett på som eit særs viktig handlingselement, og skal ”gjennomsyra” heile verksemda til Ryfylke IKS.
Organisering
1. Representantskapen: 10 medlemmer, 2 frå kvar kommune.
2. Styret: 5 medlemmar, ordføraren i kvar kommune med personleg vara. 2 observatørar frå næringslivet, 1 observatør frå rådmennene og 1 observatør frå Sauda.
3. Dagleg leiar
4. Prosjekt