Fritekst søk:
 

Meir enn å slå ein ball

 

av Terje Fatland

Fylkesdirektør - regionalutvikling

 

Hausten 04 blei Topp Volley Norge etablert på Sand i Suldal kommune. Ei nedleggingstrua avdeling av Sauda vidaregåande skule fekk kjærkomen tilvekst. 25 elevar frå heile landet inntok skule og internat.

Om to år kan talet vera 75.

 

Det er gledeleg at volleyballforbundet vel vår region i arbeidet med å få fram spelarar av internasjonal klasse.

 

Tre volleyballklassar på Sand er sjølvsagt umåte viktig for skulen , ja kanskje heilt avgjerande. Men det kan i tillegg liggja andre element rundt dette me må prøva fanga opp og ta med. Me vel å nytta denne etableringa til å prøva nye grep i utviklingsarbeidet.

 

Difor  brukar fylkeskommunen utviklingsmidlar i tillegg til klasseressursar for å få sideeffektar av etableringa.

 

Kva  sideeffektar då spør vel du?

 

Jo - som sagt kan det etter tre år vera 75 elevar frå det ganske land som får opplæring på Sand.

Greier me å gi dei og foreldra  godt inntrykk av Suldal og omland, vil dei vera  gode ambassadørar for distriktet. God omtale er mykje verd.

 

At volleyballforbundet legg satsinga rundt juniorlandslaget til Sand fører vidara med seg landskampar, turneringar, treningssamlingar m.m. Dette er aktivitetar som gjødslar næringsliv generelt og reiseliv spesielt. Presse og pressedekning følgjer i kjølvatnet av dette. Indre Ryfylke blir profilert og marknadsført og det byr seg mange høve til å visa fram.

 

Og ikkje minst, mange tilreisande elevar styrkjer og gir mangfald i ungdomsmiljøet. Det kan resultera i at fleire unge vel å gå vidaregåande skule i eigen kommune.

Når me held dette saman med forskning som viser at dei som blir i heimkommune til dei er 18 år, i større grad vender tilbake etter endt utdanning og blir verande.

Ja då ser me perspektiva !

Kanskje er styrking av den sosial-kulturelle infrastrukturen for ungdom viktigaste faktor i utviklingsarbeid?

Me ser frå andre stader at pulserande samfunnsliv med mangfald er viktig lokaliseringskriterium for menneske så vel som næringsliv og bedrifter.

Dersom  partane som nå er involverte i dette prosjektet  evner å yta nok ressurser til at ein med tyngde får testa ut denne modellen, ja då kan det henda denne prosessen fører til ein ”smash” for samfunnsutviklinga i indre strok ved ein vinn-vinn situasjon.

Og alt som følgje av at nokon  vil bli best til å slå ein ball.

 

Det er nybrot om me med dette prosjektet greier å styrka optimismen og snu ein trend hjå dei unge i indre Ryfylke.

 

Ein del av vårt fylke rikt på ressursar – men som treng fleire til å bu og virka.

   
 
 
Meir enn å slå ein ball