Fritekst søk:
 

Rogaland  -  verdiar,

vilje og  vekst

 

Av Terje Fatland

Fylkesdirektør – regionalutvikling

 

 

Rogaland – verdiar , vilje og vekst er meir enn fire ord. Det er  visjonen i den nye fylkesplanen. Det er dette me skal strekkja oss mot og arbeida for i komande år. 

For å leggja rogalandsk lynne i visjonen tyr me til hjelp av  Arne Garborg:

 

”Det vert nok stridt;

men litt um litt

det gjeng,naar kvar vil gjera sitt.

Tek kvar og ein

sin vesle Stein,

er snart vaar Aaker rein.”

 

Med ny fylkesplan er det lagt retning for arbeidet der me saman vil skapa:

 

-           eit ope ,nyskapande og spennande fylke

-           eit kunnskapssøkjande og lærevillig fylke

-           eit fylke med miljøvennleg og effektiv transport

-           eit enda betre fylke å bu i.

 

Måla er ambisiøse, men utgangapunktet er godt om lagånda er sterk nok.

 

Når me seier å arbeida saman, så er det erkjenning av at me betre må evna å løfta i lag, og at me må bruka meir tid på å trena på å pleia godt naboskap.

 

Kanskje vil dette gå lettare etter avklaring om framtidig forvaltning, antal nivå, oppgavedeling m.m.? Uvissa om dette har rådd lenge. Nå er det å håpa at ei klargjering vil føra til at all innsats blir brukt for å fremja det

konstruktive og byggjande.  

 

 

Me har elles fått høyra at me i førre nummer av ”Rogaland i utvikling” brukte ord og vendingar som blei oppfatta krenkande.

 

Det kan vera kort veg mellom det som er meint som det snertne, litt humoristiske og karikerande, til at det fell ned på feil side hjå lesaren. Me kan lova å bruka all dømmekraft for å halda oss på ”rett side.”

 

Me ønskjer god, lun og raus sommar!