Litt meir som dei før oss
av Terje Fatland Fylkesdirektør – regionalutvikling
Det hender eg går på gjengrodde stiar. I haust meir enn vanleg. Eg går og eg undrast. Undrast over det eg ser dei balte med dei som var før oss. Korleis tenkte dei ? Kva var det som dreiv dei til å ta i ferde med prosjekt som i dag framstår som heilt bort i veggene? Vegbygging i ville liar med handamakt, blodslit på marginale nydyrkingsfelt og faktisk industrireising langt utafor alfarveg.
Dess meir eg ser og tenkjer, dess meir respekt for dei som utførte det eg ser. Eg bøyer meg litt i støvet, men utan å ønskje meg tilbake i tid. Fri og vare oss for kampen dei hadde for tilvære ,blodslit for føda og der det å overleva vinteren var det viktigaste. Men når me held det historiske samfunnsbiletet opp mot dagens kan me jo spørja om pendelen nå er i ferd med å svinga heilt ut av hengslene andre vegen ? Og om det langsiktige og haldningar vel verdt å ta vare på blir kasta over bord. ? Me høyrer støtt lyden av den velfødde sytinga. Om samfunnet som krev meir enn det gir, som hindrar individuell sjølvrealisering og som for det meste er til plunder og heft. Raske pengar er i fokus, arbeidsuavhengig løn er gjevt og lottomillionærar og grovt overbetalte fotballspelarar er heltar.
Kuwait – syndromet luskar ikkje berre i gangane, det er til stades i stovene på høglys dag. Ungdomen studerar ikkje realfag seier ekspertar , fordi dei vil ha ein annan livsbane. Sjølvrealisering, oppleving og det gode liv er første prioritet.
For så vidt ingen ting gale i det. Men me må og skal på same tid vera opptatt av utvikling og å utvikla. Skapa det me skal leva av. Og i den iveren prøver me å finna opp krut og hjul på nytt. Ofte endar det med å setja nye namn på kjende handlingar.
Me skal ha meir av det me alt har nok av – men me vil ikkje, og kan ikkje ta inn over oss det faktum at kvar sjuande på kloden legg seg svolten kvar kveld. Ord som ansvar, rettferd, fordeling og solidaritet glir fargelause og bleika gjennom kvardagen.
Det er i denne karusellen eg spør om me har noko å lære av å kikka oss over skuldra –sjå tilbake i tid ? Kanskje må me vedgå i iveren etter å overgå oss sjølv, at det å vera like gode som dei som var før oss ville vera ”hauen” på godt nok?
Det beste frå før, poda med vårt vide tankesett måtte gi god frukt.
Dess lenger det lid på hausten, dess sikrare blir eg på at det ville vera garanti for god utvikling i framtida om mange – ja om dei fleste av oss sa : eg vil bli litt meir lik våre formødre og forfedre - eg vil bli litt meir slik som mor og far. |