Opp - ned
Av Terje Fatland  Fylkesdirektør – regionalutvikling
Som illustrasjon har media eit par gonger i det siste snudd norgeskartet opp-ned. Oslo blir Kirkenes. Kirkenes blir Oslo. Stavanger blir Hammerfest. Hammerfest blir Stavanger.
Ein slik illustrasjon kan setja i gang mange slags tankerekker. Men dette er meir enn illustrasjon. Det synleggjer ein framtidig utviklingsbane med element av realisme.
Rett nok føreset det at det blir bauta fram politisk fleirtal for å gjera nytte av dei enorme naturressursane i nord. Og då på ein måte som sikrar både miljø og fiskeri. Men me må tru at så skjer.
Då tøffar det nordover, det olje- og gasslokomotivet som har hatt stasjon her hjå oss. Investeringar, aktivitet og mediamerksemd flytter mot nord. Det gir oss utfordringar. Me som har likt så godt å flagga oljehovudstaden. Alt som er størst, best, høgast verdiskaping og mest innovativt.
For sjølv om hovudkontorer og sterk kompetansebase er lokalisert til Stavanger og Rogaland,så vil ikkje det fanga fokus. Det vil dreia mot produksjon,verdiskaping og det teknisk spektakulære der oppe mot” kanten av isen”.
Sjølvsagt vil olje- og gassindustrien spela stor rolle i fylket vårt også i framtida.. Men det kan bli viktigare enn før, og kanskje lettare og, å via meir interesse til nyskapingsprosessar også i andre næringar. Meir enn før kan det bli slik at me må telja med og hegna om alle næringar og arbeidsplasser. At me må bry oss sterkare om prosessar og tiltak, små og større, i heile fylket.
Me kan måtta sjå at den enorme drahjelpa me har hatt av dette lokomotivet for ein del må erstattast ?
Slik blir det interessant å testa effekten av det nye universitetet som tar mål av seg til å vera ulikt dei andre i landet. Det skal vera innovasjonsdrivande. Eller ”innoversitet ” som Øystein Djupedal så treffande ordsnubla på Solakonferansen i januar.
Det seiest at det er sunt å få nye utfordringar med visse mellomrom. At olje- og gass-utvinning i framtida meir vil bli assosiert med nord og mindre med Stavanger, kan i seg sjølv vera mental utfordring. Og det kan vera lurt å ta inn over seg at det ikkje er naturlov at rogalendingane i evig tid skal kunna nyta det gode liv i kupeane på oljetoget.
Slik sett kan det vera greit å få nye perspektiv i synsfeltet – ved å sjå på, og vurdera liv og lagnad opp-ned. |