Fritekst søk:
 

I mål

Av Terje Fatland
Fylkesdirektør – regionalutvikling

Arbeidet med likestilling er fullført blir det hevda frå eit par  profilerte kvinner i desse dagar. Me er i mål blir de sagt, arbeidet kan leggjast ned.

Det får meg til å minnast ein oppheta debatt i eit studentsamfunn midt på syttitalet. Tema var om kvinner skulle få delta i Holmenkollstafetten.

Nei, sa mennene. Me seier nei fordi me vil kvinnene vel. Me vil ikkje sjå dei slitne og sveitte på toppen av Besserudetappen. Det er uestetisk. Men det var altså på syttitalet. I dag er kvinner og Holmenkollstafett  sjølvsagt.

I ettertid har eg meir enn ein gong sett halvgamle menn på toppen av Besserud. Vaklande på sine kvite lår og legger. Siklande  med sløra blikk på leit etter stakittgjerde eller hekk til å hengja  over for å gi hals. Det kan vera helsefremjande, men det har lite med estetikk å gjera.

Men nå skriv me 2006. Kva skjer?
Jo - ny debatt . Ein som er uventa lik den for tretti år sidan.. Jenter har lært seg kunsten å hoppa skibakkane ned med stil og eleganse. Som naturleg er vil dei visa kunstene for omverda og publikum. I Holmenkollrennet.

Igjen – halvgamle menn seier nei. Jentene må vernast mot seg sjølv. Dei kan slå seg helselause. Ingenting blir sagt om hovudgrunnane til avslaget. At det er for lite kommers og pengar i jenteskihopp og at ein av dei siste mannsbastionane ville falla.

Det blir heller ikkje nevnt noko om fotball og risiko, om mannlege fotballinvalidar. Det trengst ikkje heller, for det veg opp for fysiske skavankar når ein over tid har tent ein million eller fleire i månaden på å springa etter ballen. Dessutan blar media monaleg opp for å få rett til å formidla.

Me er så få i dette landet blir det sagt , at alle må få kår som best mogleg  utviklar evner, kompetanse, kapasitet og  engasjement. Alle i teneste der dei gjer mest nytte. Ja vel - sjå då på kjønnsdeling i styrer, verv og stillingar. Då ser me spegling av sedimenterte haldningar. Ja visst -  me er  få i landet, men er evner og kompetanse så skeivdelt at  relativt få, få menn, må vera grossistar i verv og posisjonar?

Så er me i mål?
Det som hoppjentene fekk oppleva vinteren 2006 fortel det meste, om ikkje alt.
Me er ikkje i mål. Me er berre i ovarennet – på veg mot hoppkanten.

GOD SOMMAR  -  MED  PERFEKT SATS!