For lite - godt nok - for mykje
av Terje Fatland Fylkesdirektør – regionalutvikling
Minnet spelar meg kanskje eit puss, men eg kan ikkje hugsa at dei som var vaksne før oss utgjorde eit sutrekor om samfunn, levekår og det offentlege.
Sjølv om det då var mindre, ja for lite av det meste, var gleda dess større over det som fanst, over det som fungerte.
Ikkje slik i dag. Vanstyre høyrer me om. Det meste skulle og kunne vore betre. Det offentlege er unødig kostnad. Alle skal væra sin eigen lukkesmed . Det trengst gull. Og gull finst. I bøtter og spann. Det kan dei som sel båtar , bilar og reiser slå fast.
Men koret held fram. Med aukande styrke. Meir-meir-meir. Det er som me prøver leva myten om Kong Midas. Han som hadde eit ynskje,at alt han tok i skulle bli til gull. Han fekk det som han ville , og det blei hans bane. Han fekk naturleg nok ikkje i seg mat, og svalt i hel.
Om ein kjølig og nøytralt prøver å lytta til omen frå samfunnsdjupet, kan ein ikkje unngå å høyra at god utvikling er synonymt med meir av alt. Og då målt i personleg rikdom og velstand. Er den solid nok er det ikkje trong eller bruk for fellesskap og velferdsstat.
Er det då blitt slik at me må få oss eit skot for baugen,eller oppleva ei krise der det handlar om helse liv og lagnad før me ser kor kjærkome det er at tenester og velferd frå fellesskapet er til og fungerar? Må me få eit varselskot for å bli vekte opp frå overmett,sjølvopptadd og likesæl dvale?
Eg veit ikkje om det er overgangen frå entusiastisk ung til litt meir reflekterande vaksen som er skulda, men eg kjøper ikkje lenger utan vidare opplesen definisjon på god utvikling. Men vedgår likefullt at det nå ein gong er slik at me blir målte på kor fort me får hjula til å sviva . På kva pengehaug som til sist ligg igjen i potten. Og der nok aldri er godt nok.
Slik blir hovudfokuset - meg og mitt. Oss og vårt blir andre sitt ansvar. Allmenn respekt for, og vilje til samfunnsbygging forvitrar.
I staden er det individuell velstand som er tema ,der målet synest å vera at kvar og ein skal ha det som i det gode jærske uttrykket : ” Blir det bære nå – blir det bare ringt.”
Ja ringt og ringt. Bjølla burde ha ringt. For kjem me dit – då er ikkje nok godt nok – då er nok blitt for mykje.
Likevel er det så lite. For bakom høyrer me sår barnegråt i Libanon. |