PLOG
av Terje Fatland, Fylkesdirektør – regionalutvikling
Rogaland er plog. Plog er Rogaland. Slik blei det. Slik har det vore. Slik er det.
Gjenstridig og steinfullt jordlag kalla på kreativitet og pågangsmot for å gjera Rogaland til grøderikt landskap og spiskammer. Lokale utfordringar resulterte i bedrifter og produkter av fremste slag. Plog frå Jæren er merkevare kjent over heile verda.
Slik voks det fram det som skulle bli eit industrieventyr på sør-vestlandet. Ei næringsklynge så sterk at den seinare makta å ta utfordringane olje- og gassindustrien gav og gir.
Men alt har si tid seiest det. Dei framsynte seier nå at blikket må hevast. Ut or plogfora –mot nye horisontar. Å kvila på vunne lauvbær sikrar inga framtid. Verda tykkjest å sviva stadig raskare. Skifte av veg og takt må skje ofte.
På rett tid og stad kan me i synsranda sjå ein annan plog. Grågåsa på veg til eller frå. I plog. Effektivt og rasjonelt for å nå målet.
Lyd frå tunge vengeslag er som dur frå velsmurd motor. Men meir fascinerande er den andre lyden .Skvatringa. Heiaropa.
Dei heiar på leiaren. Stå på. Du er god. Me bak har tru på deg og støttar opp om.
Og den fremste tek i. Gir alt og held ut .
Heilt til kjensla kjem om at nå kan andre gjera jobben betre. Då bøyer leiaren av. Slepp seg bak og gir plass til ny i front.
Slik når grågåsa fram. I lag greier dei det som ville vera uråd om dei prøvde ei og ei. Om dei prøvde med same leiaren på heile turen.
Ei formidabel utfordring blir takla og løyst ved at alle gjer det som er forventa.Går fremst når det blir kravd. Og jublar og muntrar bakfrå når andre er i spiss med ansvaret.
Me som likar å seia at me er gode -og best på plog i jord – har me noko å læra av plog i luft? Eller hevar me oss over og likar best å styrkja myten om dum som ei gås?
Kvar og ein får svara for seg sjølv.
Takk for i år – for alt godt samarbeid!
Terje Fatland |