IKKJE TETT NOK PÅ
av Terje Fatland, Fylkesdirektør – regionalutvikling
Midt på syttitalet stod dei fremste innan ressursøkonomi og naturforvaltning i auditoriet på NLH. Dei doserte om kor godt det låg til rette for komande generasjonar om dei gjorde rette val. Men dei peikte og på negative verknader om det systematisk blei gjort mange feil val. Og dei meinte å sjå at det var nettopp det som var i ferd med å skje.
Dette var tale for døve samfunnsøyrer. Det var dommedagsprofeti og tankegods for radikale idealistar. Velstandstreet var i ferd med å vekse inn i himmelen. Nå var det berre å gjødsla.
Etter siste tids debatt om og fokus på natur og klima, leita eg fram kompendium og notater gjort i auditoriet på syttitalet. Nakkehåra reiste seg litt.
Sjølv om alle ser og veit at natur og klima svingar over tid, så kan me ikkje røma eller vri oss unna konsekvensane av det menneskeskapte. Men me treng ikkje ta det inn over oss. Ikkje ennå.
Me som ikkje har vore i arktiske strok ser ikkje omfanget og konsekvensane av at isen smeltar under labbane på isbjørnen. Har me ikkje vore på Folgefonna ,tek me ikkje notis av at den skrumpar. Hyppigare stormar og orkanar blir ein vane. Skientusiasten ventar stadig lenger på snøen. Men- ein snødett til helga så er faren og krisa over.
Det er ikkje kome tett nok på. Det må stå om helsa ,velferd eller helst gi krav heilt ned i eiga lommebok før me vil vurdera kursendring.
Nå gjer dei nok sikkert sine tankar dei som har sterk omsut for barnebarn og oldebarn , men me andre ser at prosessen går så seint at me sutalaust kan surfa siste etappen på første klasse. Så me gir gass vidare.
Men, me er vel vitande om at prosessen som går seint , blir like treg å snu ,og at vegen tilbake til likevekt blir lang for dei som skal vera med på den ferda.
Trendbrotet kjem nok først når det å vøla og bøta på blir marknad og næringsveg. Når næringslivet ser at teknologi og tiltak innan miljø blir ein marknad på storleik med den som har vore ved å vinna ut ressurser , produsera og bruka.
Der er me ikkje i dag. Men den dagen kjem.
Det er nok slik som fylkesordføraren vår så treffande sa om ei anna sak: ”Det er dessverre slik at det må bli ganske mykje verre – før det kan bli betre.”
Sikkert heilt sant. |