Fritekst søk:
 

VÅR  BY   -   MI   BYGD

av Terje Fatland, Fylkesdirektør – regionalutvikling, Rogaland fylkeskommune

Me har alle ein by me er frå eller soknar til.
Fødestad, tradisjon og reisevanar avgjer kva by som er vår .
Dit me reiser når me vil til byn.

I byen vår føler me oss velkomne.
Der kan me oppleva og leva ut.  Og dyrka anonymiteten for dei som måtte ha trong for det.

Men  det går og ein straum andre vegen. Stadig fleire av dei som bur i byn vil og ha taktskifte og avbrekk frå det daglege.
Dei vil nyta og oppleva motsetnaden til høg bypuls.
Dei vil på landet.

Omfattande hyttebygging rundt om vitnar om at det er slik.
Og  at hyttene er meir som hus fortel at eigarane vil vera der mykje.
Det kan fylgja mykje godt med det.

Men me kan likevel ikkje snu oss bort frå utfordringane.
For dei som utgjer helgestraumen frå byn , kan møta det motsette av  dei som reiser andre vegen.

Motsatsane blir mellom anna : frå anonymitet til blikkfang, frå få blant mange til majoritet , frå fleirkulturelt til nedarva tradisjonar  og frå fritt byrom til grunneigarinteresser.

Det er i desse spenningsfelta  det krevst kløkt av alle  for at dette skal bli vinn – vinn både
økonomisk og ikkje minst sosialt.

Føresetnaden er at alle er si vertsrolle bevisst , og at det er ope for nye impulsar og
tankemåtar. Og ikkje minst respekt for omforeinte spelereglar om det som høver seg - og om det som ikkje gjer det.

Mang ein ryfylking har nok følt seg vel motteken  på kaien i Stavanger.
Ikkje så rart kanskje når verten vel visste at det låg ei  stinn lommebok i jakkelomma, klar til bruk for handling og oppleving.

Men den er nok like trinn lommeboka til dei som nå vil ta del i det gode livet på landet.
Det gjer at dette  kan bli ein god bytehandel  meir enn ein trussel.

Like fullt ligg utfordringa der for mindre kommunar og små bygder der folketalet omtrent skal doblast i helger og feriar.

Det set krav om speilvending av haldning og tanke.
Evne til å setja seg inn i andre levesett. Evne til å vera raus.

For me må  vedgå at i ei tid med sterk sentralisering, så har det aukande fritidshopehavet mellom by og bygd kimen i seg til noko byggjande godt.

Så då er det berre å ønskje god sommar - om du er i gågata i din by – eller  i god samdrøs på bryggjekanten i vår bygd.