Fritekst søk:
 

RIKDOM   -   DOM  -   FATTIGDOM
Terje Fatland,  
Fylkesdirektør – regionalutvikling - Rogaland fylkeskommune

”Børs og Katedral” seier me, og assosierer det med   to ord som balanserer kvarandre.
Der det eine legitimerer det andre.
Der det eine gir det andre lov til å visa sin kynisme, fordi me er opplærde til å tru at dei to i
fellesskap sikrar rettferd og fordeling.
Verdiskaping i form av kapital og materialisme i hopehav med humant verdigrunnlag som
sikrar at alle får bli med på vegen opp og fram.

Trudde me.
Heilt til stygge tal kom på bordet.
Sytti tusen barn i landet seier seg å ha fattige foreldre.

Av det kan me lesa i åtteprosentfylket Rogaland, at det er fleire barn i Rogaland enn det er
innbyggjarar i Sauda som kjenner at dei bur i fattig heim.

Godt at me ikkje blir målte på samfunnskvalitet og utvikling med slik parameter.

Men fattigdom er altså på politisk dagsorden i eit av verdas rikaste land.

Og dei som til ei kvar tid har makta er i avmakt.
Kampen mot fattigdom har lett for å bli med orda.
Medan opposisjonen herjar.
Om opposisjonen er  raud, raudgrøn, grøn, lyseblå eller mørk blå – retorikken er den same.
Løftebrot, handlingsvegring, uakseptabelt og  uetisk.

Så kan det seiast at det er relativitet rundt omgrepet fattigdom, og at grunnane til at ikkje alle
greier henga med i velstandsgaloppen er mange og innfløkte.
Somme kan til og med skuldast for sjølv å ha ført seg utfor stupet.

Vidare kan det hevdast at problemet her heime er for ikkje å rekne mot det me ser ute i den
store verda.
Ja det er rett. Men like fullt er det slik, at ein må lukkast heime dersom ein skal  bli god ute.
Og me seier me vil ut, og at me der skal gjera det godt.

Det dei uventa tala forte , det er at ”børs og katedral ”, rikdom  og dom, ikkje  åleine er
reiskap god nok for å sikra samfunnsutvikling slik me vil ha det.
Der alle får bli med.

Og då er det i grunnen ingen andre å lita på enn
deg og meg.
På haldning og mentalitet hjå oss sjølv , og 
hjå dei me har valt.

Då trengst det at me tid om anna blir minte på
den bitande verselina som er like aktuell i dag
som då diktaren første gong festa den til arket  :

”Du skal ikke tåle så inderlig vel –  den urett
som ikke rammer deg selv.”

Takk for alt godt samarbeid i året som har gått!

   
 
 
Mange vegprosjekt på plass

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Petit: I lengderetninga

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Eksamensti’ og julestri ved Studiesentrene

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Gode grunner til Høyhastighetstog

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Europas reneste gasskraftverk ferdig til bruk

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Å yte etter evne...

21.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Interreg blir stadig mer aktuell

20.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Strategiplan for kollektivtrafikken i Rogaland

20.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Rogaland Reiselivs Produktpris 2007

19.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Haugalandspakka på plass

18.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Fylkesdelplan for samferdsel - høringsutkast

18.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Ny langtidsplan for Forsvaret kan ha store konsekvenser for Rogaland

17.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Ny samarbeidsavtale med Nenets fylke i Russland

17.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Lederutviklingsseminar for skoleledere

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Grønt arbeid

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
12 år med kultur- og turismesamarbeid rundt Nordsjøen

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Lokal samfunnsutvikling og Opplevelsesturisme

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Kan det gjøres enklere?

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
T-forbindelsen litt nærmere

16.01.2008 Av:Erik Lindboe

 
Nå kan det bare regne!

16.01.2008 Av:Erik Lindboe