 |
Landsbyen kloden
av Terje Fatland Fylkesdirektør-regionalutvikling
La oss i tankeflukt krumpa jorda til ein landsby med hundre innbyggjarar. Landsbyen Kloden. Kva ville me då få auga på? Jo- der ville det bu 57 frå Asia, 21 europeerar,14 amerikanarar og 8 frå Afrika. 52 kvinner og 48 menn. 30 kristne. 70 tilhøyrande andre religionar. 6 personar ville eiga 59% av all rikdom,og dei ville alle vera frå USA. 80 ville vera fattige og 70 analfabetar. 50 ville svelta og li av underernæring. Ein ville vera døyande, Ein i ferd med å koma til. Ein ville eiga PC og berre ein ville ha universitetutdanning. Og vidare til ettertanke. Om du i morgon vaknar opp sunn og frisk, er du heldigare enn ein million som ikkje vil overleva denne veka. Om du aldri har opplevd krigsangst, kjent på einsemd i fengsel eller vore utsett for terror – ja då har du hatt betre lagnad enn 550 millionar av dine medmenneske. Har du fullt kjøleskap, nok klær, tak over hovudet og plass å sova – då er du betre stilt enn 75% av menneska på jorda. Har du i tillegg pengar i banken, litt i lommeboka og nokre myntar i lommane, då er du ein av dei åtte mest priviligerte av dei 100 menneska i landsbyen Kloden. Du er eit sjeldan individ om foreldra dine lever og om dei framleis er gifte. At du framleis les på denne sida seier deg at du ikkje er ein av over to milliardar menneske som ikkje kan lesa. Så spør du – kva i all verda har dette med utvikling i Rogaland å gjera? Svaret er enkelt. Ingenting. Det er det som er heile poenget. Me har hatt slik flaks at me er skjerma frå bildet av landsbykloden. Vårt tilvære er annleis. Meir slik som Åge Aleksandersen uttrykkjer det : ” Eg har badebuksa av – du har sommarkjolen på. Og spurven sit og lurer på kossen detta her ska gå.”
God sommar! |