Fritekst søk:
 
 

Kulturministeren i Rogaland

Egil Harald Grude, kultursjef

 

Sist i januar var kulturstatsråden vår Valgjerd Svarstad Haugland på besøk. Og med seg hadde ho statssekretær Yngve Slettholm, departementsråd Helge M. Sønneland, avdelingsdirektør Stein Sægrov og kst. avdelingsdirektør Elisabeth Solberg. Ein tung delegasjon og ein intens dag  frå tidlig morgon til sein kveld.

 

Frå fylkeskommunen møtte  politisk og administrativ leiing med fylkesordførar Roald G. Bergsaker, fylkesvaraordførar Jan Birger Medhaug, leiar i Regional- og Kulturutvalet Jon Arne Silgjerd, fylkesrådmann Liv Fredriksen og fylkesdirektør Terje Fatland .

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var besøk på  Arkeologisk museum i Stavanger, Stavanger Museum og Rogaland Teater. Der vart det også tid til å få med seg forestillinga A Clockwork Orange.

 

Hovedpoenget med dagen var likevel å møta representantar frå kulturlivet i Rogaland: museum, teater, orkester og musikkliv, film- og dansemiljø, og sist men ikkje minst få presentert  planane for Stavanger som europeisk kulturhovedstad 2008. Intense timar med orienteringar og diskusjon.

 

I media vart det særleg diskusjonane om storleiken på staten sin økonomiske medverknad til bygginga av det nye Stavanger konserthus som sette spor etter seg. Statsråden og delegasjonen hennar fekk med seg ei utfordring til Oslo. Dei fekk også med seg inntrykk frå eit aktivt kulturliv, status, problem og utfordringar for vegen vidare. Gjennom korte innlegg frå institusjonane og engasjert debatt fekk statsråden og hennar folk også innsyn i breidden i Rogalands kulturliv; stor aktivitet og engasjement.

 

Stavanger Symfoniorkester ynskjer seg fleire stillingar for å kunna gjera ein endå betre jobb både i byen, fylket og internasjonalt.

Rogaland Teater har nettopp fått overdrege Kongsgårdhallen eller det vi kjenner som Stavanger gamle turnhall, frå fylkeskommunen til bruk som barne- og ungdomsteater.

Teateret utfordra staten om medverknad til ombygginga av turnhallen. Målet er at hallen ikkje berre skal tena lokale- og regionale føremål, men bli eit nordisk senter for barne- og ungdomsteater. Og med den suksessen Rogaland Teater har hatt og har med denne delen

av verksemda si, er det all grunn til å tru at dei skal kunna lukkast.

 

Musea våre er godt i gang med konsolideringsprosessen. Fagleg styrking og sterkare samarbeid er hovedstikkorda. Jærmuseet og Ryfylkemuseet har kome særleg langt. Men her er også gode prosessar i gang både i Dalane, i Stavanger og Nord-Rogaland. Det siste nye er at Dalane Folkemseum og Lund Bygdemuseum og Kulturbank har inngått ein samarbeidsavtale. Staten  og fylkeskommunen fylgjer opp med midlar. Museumsbudsjetta har blitt klart styrka dei siste åra. Hovedbudskapet til staten var at musea er med på løpet og at det er nødvendig å vera lyttande til og ta hensyn til lokale og regionale forhold under det vidare løpet.

 

Her er fin aktivitet og store utfordringar inna film, dans og opera.

 

Statsråden og fylgjet hennar fekk med seg både kjente og ukjente sider ved Rogalands kulturliv. Vi håpar dei fekk forståing at her vert jobba målretta og intenst på mange frontar og at vi vil vera i stand til å utnytta godt alle midlar som kjem frå Oslo. Vi takkar for dagen. Den ga oss mykje.