
FRÅ ORD TIL HANDLING ?
Terje Fatland, fylkesdirektør, Regional utvikling
Fylkestinget har vedteke at det skal utarbeidast ny fylkesplan for Rogaland.
Den førre planen er for lengst gått ut på dato. Fylkeskommunen har dei siste åra ,i lag med andre, utarbeidd fleire fylkesdelplanar. Planar som har dekt heile eller deler av fylket med tema som arealdisponering,samferdsel/kommunikasjon, friluftsliv, kystsone, kultur o.s.v.
Nå er det altså dags for den overordna planen for mål og strategier. Intensjonen er at den skal vera kort ,lettfatteleg,målretta og at mange skal føla eigarskap.
For å møta utfordringane innan utvikling i folketal og sysselstting vil planen ha fokus på fire ”K ar” : Konkurranse, Kvalitet, Kompetanse og Kommunikasjon.
Me har omfattande statistikk og dokumentasjon på utviklingstrekka i fylket vårt. Me veit korleis det står til rundt om. Me ser det som skjer. Me anar kor det ber. Og me ser at takten aukar.
Utviklingstrendane blir for det nye fylkestinget ei hovudutfordring. For mange vil ha svar på fylgjande: Vil fylkeskommunen stilltiande akseptera det me ser skjer? Blir det svart ja vil det gi styrke til ordflaumen om at fylkeskommunen ikkje er til gagn.
Ein fylkeskommune som vil vera til nytte må difor leita fram mottiltak og virkemidler for å nå mål fylkestinget i lag med kommunane er samde om. Det er for å skapa meir kraft at det blir snakt om samhandling i fellesskap og partnerskap.
Her ligg det mest krevjande. Korleis få nok i i verktøykassane til bruk for å få utviklinga over i ønskt spor?
Det at planprosessar og planar synest å ha så ymse rykte skuldast nok for ein del at det kun blir verbaløvingar om det ikkje finst virkemidler til å gjennomføra med. Tillit er ikkje handelsvare. Tillit må byggjast. I dette tilfellet ved å visa at fylkeskommunen både vil og kan. Prosessen vidare blir difor utfordrande og spennande. På mange vis blir det avgjerande kor godt me får til å samhandla med kommunane,organisasjonar og andre strategiske aktørar.
Elles så ser me over alt at landskap ustoppeleg gror til med skog. Det vitnar og minner om så mangt.
Men utfordringa blir her litt den same. Me kan meina sterkt om, men det hjelper lite om me ikkje gjer noko med.
Det er nok meininga at det skal vera stor naturoppleving å køyra Nasjonal Turistveg frå Oanes til Røldal. I så fall må det hoggast skog og ryddast for utsyn. Om ikkje vil det om kort tid vera liten skildnad på å køyra Nasjonal Turistveg i Ryfylke og ein biltur i Nord – Sverige.
Rydding og hogst krev både kapital og arbeid ,men gir som vinst utsyn over fjordlanskapet,sysselsetting og biobrensel om det siste måtte vera eit poeng.
Igjen og igjen møter me det same: om ein ikkje kan akseptera eller finna seg i,nyttar det ikkje å berre meina og vilja, ein er nøydd til å handla og gjera.
Og det å gjera – det er vel det som gir det heile meining?
|