
FRÅ Å SKAPA - TIL Å SPARA SEG TIL FANT ?
Terje Fatland, fylkesdirektør, Regional utvikling
” Dei er trygge til jul i Sauda , seier sjefen i Geneve.”
Ja dei er meir enn det.
Eigaren av smelteverket ,franske Eramet , har lagt ned bedrift i Frankrike og vil heller satsa i Sauda og Porsgrunn.
Det er mot straumen og trenden.
Våre industrileiarar seier det omtrent ikkje er verande her til lands lenger,og det er gjort vedtak om utfasing i Høyanger og Årdal.
Karmøy er i faresona.
Sytten tusen arbeidsplasser er avvikla på kort tid. Og det held fram.
Det synest ikkje å hjelpa med rekordlåg rente og kronekurs på normalt nivå.
Folk spør kor dette skal enda?
Ingen har opplevd ei slik rivande utvikling som dei som har levd dei siste femti åra.
Det har vore teknologiske,materielle og strukturelle kvantesprang me har vore med på.
Det har vore ein periode der alt og alle har vore opptatt av å skapa og utvikla.
Det låg vilje og kraft bak.
Men var det før?
Før - då næringsnøytralitet var framandord , motkonjunkturpolitikk var gjevt og utvikling av infrastrukturen blei sett på som lønsam og framtidsretta investering.
Nå dyrkar me in-orda kutt, ,skjer ned, snør til og spar.
Jo – me skjønar dette med konkurransekraft og fare for kostnadsvekst.
Me kan om marknadskrefter og verdsøkonomi.
Men me ser og , at det ikkje er ei vare som blir produsert her heima i dag , som me ikkje kunne produsert rimelegare ein annan stad i verda.
Det er ei kjensgjerning me må leva med . Me vinn aldri på pris. Me må byggja på kompetanse,kvalitet og særpreg i vårt arbeid med nyskaping , innovasjon og nytenkjing.
Alle veit at nyskaping kostar.
Alle veit at god infrastruktur er viktig føresetnad for utviklingsprosessar.
Det er få som ikkje ser at infrastrukturen er sjølve bærebjelken i busetnadsmønsteret.
Men realiteten er at me knappast greier å halda vedlike den infrastrukturen me bygde for tjue og tretti år sidan ,og nye tiltak må me betala med bompengar.
Det er stadig fleire som ikkje skjønar dette.
Nokon kjem til å få ei stor pedagogisk oppgåve å forklara kvifor det må vera kamp om absolutt alt, til og med nødvendige grunnlagsinvesteringar, når me har tusen oljemilliardar på bok.
Og det er ikkje berre distrikta som slit.
Det er god grunn til å tru at det kjem til å bli skapt mange framtidsretta arbeidsplasser på Forus og i Jåttåvågen i Stavanger.
Men utan dobbeltspor mellom Stavanger og Sandnes kjem ei slik utvikling til å føra til traffikal kollaps.
Like fullt er det er ein endelaus kamp for å få finansiert dette samfunnsøkonomisk lønsame prosjektet.
Dersom det ikkje blir tatt tyngre tak for å utvikla landet strukturelt kan det i sum gi eit land ,og eit Rogaland, prega av avfolking av bygder og sentralisert kaos.
Kanskje kan nokon ein dag finna grunn til å setja seg ned og skriva den realistiske historia om ”ordtaket.”
Kven dei var, koss dei tenkte, koss dei handla og koss det gjekk med dei ”som sparde seg til fant”.
Takk for alt godt samarbeid i året som har gått! |