Fritekst søk:
 

FOLK  OG  ARBEID    -   HØNA  OG  EGGET

Terje Fatland,
fylkesdirektør, Regional utvikling
 

 

Den er som kjent endelaus debatten om kva som kom først , høna eller egget.

Litt det same gjeld om grunnen til at folk bur rundt i det ganske land.

Bur me der me vil - eller bur me der me bur fordi det finst  arbeid der?

 

Lettare då å bli enige om at framtide vil bli tufta på fylgjande :

 kompetanse,kompetanse og kompetanse.

Og det blir sagt slik  fordi kompetanse ikkje er lik kompetanse. Den er i mangfald ,  og mangfaldet må nyttast for å gi utvikling i by og bygd.

Den boklege og formale står som sjølve pålen og dokumenterer sin eigen verdi. Mindre og sjeldnare tenkjer me etter kva anna kompetanse som skal til for å skapa arbeidsplasser til dømes.

 

Det kan koma av at me enkeltvis ikkje har kjent ansvar for, eller sett trongen for å etablera og skapa nytt.  Arbeid er noko me har vore vane med å søkja og få.

Men framtida kan utfordra oss til endring - frå arbeidstakar til arbeidsskapar.

Ikkje minst om alle skal få bu der dei helst vil bu.

 

Det kan bli lang veg  å gå - å  endra haldning frå å ta i mot til å yta.

Er det her det skortar mest på kompetanse?

På evne til sjøl å vera med å ta eit tak , til å unne ,til å gleda seg over andre sin  suksess.

Tåla at naboen gjer det godt.

 

Me kan gå tankerekka ut med  eksempel.

 

Kva om det dukka opp ein som vats-buen og grynderen Jakob Hatteland  i kommunen , i nabolaget, i bydelen, i bygda ?

Kva kår og haldningar ville vedkomande bli møtt med?

 

Med stormande glede sjølvsagt!

Alt ville bli lagt til rette. På spørsmål om tomt ville kommune og  grunneigarar stå i kø for å hjelpa.

Unison velvilje og raushet for å byggja opp om samfunnsentreprenøren.

Mobilisering av heile lokalsamfunnet.

Alle føresetnader på plass. Rett haldningskompetanse stilt til disposisjon.

 

Er dette realiteten?

Er det   flust med kompetanse i form av positivitet , godvilje og evne til å  støtta opp om?

 

Om så var ville det nok vore lettare å forma eit Noreg i tråd med overordna mål , og lettare å halda det meste av landet  i bruk!

 

Moralen må bli, at skal me koma der me vil –    kunna bu der me vil –   leva det gode liv,  ja då må  me samlast om felles mål og haldning :

 I Rogaland skal me te oss slik at om du har eit egg – så skal det vera lett å få ei høna – og omvendt!