Fritekst søk:
 

KAN  IKKJE   -   ELLER VIL  IKKJE?


Terje Fatland,
fylkesdirektør, Regional utvikling
 

 

 

 Det slår meg av og til  kor lite våre rikssynserar evnar å sjå heilskap , sjå koss ting heng saman , peika på tiltak og verknad.

Kvelden då Staten la fram sitt tilbod til bøndene var ei slik stund.

”Me hadde eit  nøkternt og moderat krav,” sa bondeleiar Undheim ,” men dette tilbodet er eit slag i ansiktet”.

Og så blei det i debattprogrammet hamra laus på landbruk utan omstillingsevne og vilje , på grådige og late bønder og på eit system som visst nok skrik  etter effektivisering .

Heile klagesongen hadde rot i at maten her til lands er så håplaust dyr.

Det blei lite sagt om at me aldri før har brukt så lite av løna vår på mat – om lag  ti prosent.

Men i Spania  -  der er det billig der.  Jo da - men der  er  som kjent lønene lågare og.

Argument om rein mat og  forsyningsstabilitet blei føyst bort.

At det årleg blir rasjonalisert bort 4000 bruk var sjølsagt alt for lite.

Annan kvar bonde burde ofrast høyrdest det ut som – om berre maten kunne bli billegare.

Men kva med det faktum at denne maten stig sterkt i pris gjennom fleire ledd på veg frå bonde til konsument?
Det poenget blei det hoppa bukk over.

Det blei heller ikkje  kommentert det paradokset at nokre av dei rikaste i landet er dei som sel oss maten.

Slik formast lettbeint polemikk til mytar.

Det blir gjort til eit særnorsk fenomen at det blir inntektsoverført til primærnæringane.

Ingenting blir sagt om at over femti prosent av EU – budsjettet også  blir brukt slik.

Derimot tykkjest alle i landet  å vera einige om at det norske kulturlandskapet er  av overmåte stor verdi og må takast vare på.
Ja vel – men kven har då oppskrift på koss  me skal ha kulturlandskap i framtida utan å ha jorda i bruk?
Skal kostnaden til skjøtsel på kulturdepartementet sitt budsjett?

Nå kan eg så godt som høyra lesaren sine tankar om at her er det bondesonen som skal  forsvara sine eigne.
Nei – det får bøndene gjera sjølv, så vel som å omstilla ,effektivisera ,  fylgja med i timen  og levera det folk vil ha.

Men me som arbeidar i og for matfylket Rogaland ,  er  og skal vera opptatt av  at landbruket er ein bærebjelke både i  busetnadsmønster  og landskap.
Me skal gi innhald til slagord som ”Frå jord til bord ” og  ”Frå fjord til bord .” 

Då blir det viktig å gi ramer som sikrar levekår for dei som dyrkar jorda , og slik også gi tiltakslyst hjå dei unge som skal ta over.

Hadde eg sjøl vore bonde ville eg vurdert å gi meg dagen etter  det ovanfornemnde debattprogrammet. Ingen likar å arbeida hardt når ein om og om igjen får høyra at samfunnsnytten av strevet er minimal.

Eg forstår at Trygve Hegnar godt kunne tenkja seg  som han sa ,å finansiera ei god bok , konsertopplevingar  og ei ekstra reise med at den norske maten blei vesentleg billegare.

Men er det primærprodusentane som i størst grad driv matprisane i været?

Det måtte vore ei utfordrande oppgåve for forskerar å funne ut kva matprisen ville vore om bonden ikkje tok seg betalt i det heile , fekk null for produktene.

Og det kan nok hende at den vil koste meir enn den smakar den omveltninga  Hegnar og fleire  målbær.
Det ville til dømes bli svært mykje tyngre å fylla hotellsengene rundt i landet om det blei eit gjengrodd land me hadde å by fram.

Så vidt eg veit skaper reiselivet verdiar like store som oppdrettsnæringa.

Difor spørsmålet om   rikssynserane ikkje kan sjå – eller ikkje vil sjå – at det meste heng i hop med alt?
Det minner i alle fall meir om ukultur enn kultur -  stadig å driva unyansert mobbing av   dei som skjøtslar kulturlandskapet vårt.

God sommar  - med rike stunder i kulturlandskapet!