Fritekst søk:
 

Rogaland i utvikling - nr. 3 - 2004

Bulyst –
det  dreier seg om det

av Terje Fatland, fylkesdirektør - regionalutvikling

” Rogaland i utvikling ” er  i sitt niande år.
Bakgrunnen for bladet, var at leiargruppa i regionalutviklingsavdelinga  fann ut at me
klarare måtte få fram det med arbeidde med for ikkje å bli gløymde og gøymde mellom helse - og opplæringsavdeling.

Men det har runne mykje vatn i havet etter det.

Sjukehusa er overførte til staten, fylkeskommunen er tildelt rolle som utviklingsaktør og opplæring og skuleverk har proklamert at dei er meir enn skule og bok – dei er ein del av utviklingshjulet.
Kvart femte nummer har opplæring hovudoppslaget i bladet.Dei andre fagområda som alternerer om det er plan,kultur,næring og samferdsel.
Slik sett er ”Rogaland i utvikling” ikkje lenger eit fagblad frå regionalutviklingsavdelinga.
Det er eit blad om og frå fylkeskommunen.

Ordet utvikling har fått eit meir komplekst innhald enn det me la i det  før.
Då snakka me omtrent einsidig om næringsutvikling. Om tilgang på næringsareal,stimuleringstiltak, støtteordningar og om å få bedrifter til å flytta – frå nabokommune til eigen kommune.

I dag legg me meir i omgrepet regional utvikling. I tillegg til å støtta næringslivet – eller prøva ikkje å gå i vegen for næringslivet som somme seier, så tek me med flest muleg av faktorane som tel i vår kvardag. Då ser me straks at  alle fagfelt og arbeids-områder påverkar utviklinga i ein region.

Utviklingsarbeid nå – det er å skapa bulyst. Der det er bulyst, der blir det utvikling.

Det siste døme på kor viktig dette er fekk me nyleg då Høgskulen i Stavanger blei kvalifisert til universitetsstatus.
Skal me lukkast blei det med rette sagt, må me gjera byen enda meir attraktiv å bu i for å få tak i dei beste og den rette kompetansen.
Slik vil det i framtida bli mindre av sektorisert arbeid og  meir krav om tverrsektoriell tenking og sterkare koordinering.
Fylkeskommunen må framstå som EIN aktør – utviklingsaktøren.
Og denne aktøren må vera i stand til å fanga opp kva som trengst for å auka bulyst i heile fylket.
Like eins må det vera rett å gi kommunale utviklingsselskap mandat og tillit til å ivareta koordinering av arbeidet  innan  kultur,reiseliv , bygdeutvikling , foreningar,lag o.s.v.

Med fylkesordførar frå Sandnes,  fylkesrådmann busett i Egersund ,opplæringsdirektør frå Stavanger ,administrasjonsdirektør frå Haugesund og regionalutviklingsdirektør frå Suldal skulle utgangspunktet i fylkes-
kommunen vera det beste for å sansa og fanga kva som skal til for å utvikla heile Rogaland.

Me utfordrar oss sjølv og inviterer  til  felles innsats.

Alt medan me minner  kvarandre om  at me ikkje åleine har arva natur , ressursar , kultur og miljø  frå forfedrane – det er noko me har på lån av våre barn!

   
   
 
Innhold
100 gartnere har koblet seg på ...
Fra Stavanger til Oslo - på "Hydrogenveien"