Nå trengst det avklaring og handling
Av Terje Fatland, Fylkesdirektør – regionalutvikling, Rogaland fylkeskommune

Det manglar ikkje på dokument for å ta stilling til korleis landet skal organiserast.
Det eine utgreiinga har avløyst den andre dei siste åra.
Konklusjonane er omtrent eintydige. Me er best tente med tre nivå: stat - kommune - og det regionale.
Det er mest om det regionale debatten har gått. Er det trong for eit tredje nivå , og kva oppgaver skal i så fall leggjast der? Ville det ikkje vera meir formålstenleg med store kommunar?
Distriktskommisjonen konkluderer i si utgreiing at sterke og robuste regionar er rett grep for å løysa ut potensialet for verdiskaping i landet, og slår til orde for at dette berre kan skje dersom regionane får overført oppgåver, mynde og verkemidler frå staten, altså Stortinget.
Slik sett blir det avveging å gjera regionane store nok til at så kan skje , men ikkje så store at innbyggjerane misser engasjement og føler avstand.
Etter som denne prosessen går, ser stadig fleire at engasjementet for det regionale nivå ikkje er arbeid og kamp for å redda fylkeskommunen. Den dagen nye regionar er definerte er fylkeskommunen si tid ute. Det er ingen her som kjempar for eigen posisjon. Dette er grep for å styrka lokaldemokrati , desentralisera makt og verkemidler og gi folk meir rett til å styra i eige hus.
Om dette skjer tilnærma slik distrikts-kommisjonen skisserer, vil det revitalisera folkestyret og stimulera nyskaping og verdiskaping i heile landet ved at regionar og kommunar sjølv får hand om verkemidler til samferdsel, kommuniksjonar, utdanning, forskning, næringsutvikling, kultur og idrett.
Alt dette er utgreidd og dokumentert. Nå vil me ha avklaring og handling. Ventetida er over.
Det er krav me set fram som innbyggjerar, veljerar og arbeidstakarar.
Nå er det kritisk avgjerande at det blir halde politisk tempo for å kunne gå frå prat til arbeid og resultater.
Det er å håpa at alle parti ser at folk vil ha dette som sak til stortingsvalet neste år ,og at partiprogramma slik sett må avspegla partia sine standpunkt i dette spørsmålet.
Det må vera eit godt og edelt hundreårsønske frå folket.
Og når dette er avklart , ja det er først då det er duka og klar bane for dei som måtte vera opptatt av kommunestruktur og nye kommunegrenser.
Takk for all god samhandling i året som har gått.
Godt Nytt År!
|