HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 

Landa

Vikinganes vogge

  

Eit besøk på Landa tek deg ut på ei historisk reise lang tilbake i historia. Landa er den einaste landsbyen frå forhistorisk tid som er funnen i Norge. På Landa har det budd menneske samanhengande i omtrent 2000 år, heilt til vikingtida.

 

Under utgravingane på 80 og 90 talet, leia av arkeolog Trond Løken blei det funne spor etter 250 hus. Tre av desse husa, pluss eit lagerhus er rekonstruert slik at me i dag, fleire tusen år seinare kan sjå korleis dei første fossanbuane budde. Arkeologane fann utruleg nok over 3000 tusen funn . Alle besøkande på landa skal nå få eit djupdykk i det folkelivet og dei aktivitetane som gjekk føre seg i tida før og etter Jesus fødsel.

 

LANDA

 

Landirkaupstad, Landarheim

Ljos frå tida laugast

Tett ei knytta handelsreim

No kan atter augast

 

Landirhøvding, Landarfolk

Langt i stunda levde

Føda husdyr, dyrka bolk

Mangt i livet krevde

 

Landirånder, landartru

Rikt i jorda gløymde

Att i grava, under bu

Mold og auren gøymde

 

Landirsenter, Landarmakt

Dagseld bort seg vende

Mørkre leika, vonlaus pakt

Brått var soga ende

 

Forsandinnmork, Forsandmo

Landet nyleg andar

Atter krøter, avling gro

Fram der stig du Landar

 

Inge Haavard Aarskog

-Ryfylkediktaren-

 

Gjennom forteljing og historiske aktivitetar som du sjølv kan vera deltakar i, vil det nå bli arrangert

 

1.      guida turar

2.      private turar tilbake til skikkeleg

         gamle dagar

3.      blåturar

4.      bedriftarrangement

5.      bryllup

6.      leirskule for skular

 

Landa har også skjenkeløyve og eige kjøkken som kan brukast til dei ulike arrangemanga.

Ta kontakt for meir informasjon: tlf. 954 28 451 

Sommaren 2009
Landa har opent kvar dag utanom mandager i sommar. Vi byr på spennande aktivitetar for gjennom heile dagen for heile familien. Nytt i år er inngongsparti og utstilling i kulturhuset i Forsand. Her er det også open kafe. Utstillinga som blir vist er "Lysefjordsagaen". Sjå også vår flotte butikk.
Les mer>

Rekonstruksjon
Rekonstruksjonsarbeidet tar sikte på å bygge opp landsbyen...
Les mer>