Framsiden
Konferanser og møter
Medlemmer
Nyheter
Nyttige lenker
Om oss
Prosjekt
Verdikjeden

Abonner på gratis nyhetsbrev


Kontakt oss:

Tlf: 906 75 301
E-post

Adresse:
Prof. O. Hanssensv. 7A
4021 Stavanger


Postboks 8034
4068 Stavanger

 
Skriv inn søkeord





 

Publisert av: Biomarinvekst - 13.03.2005

   
Forsand kommune

Våger å satsa

Næringsssjef Årstein Løland i Forsand kommune har god plass til meir sjømatrelatert verksemd, mellom anna på Myra industriområde som også husar norges mest moderne skjellpakkeri.
Havbruk har i fleire år vore eit viktig satsingsområde for Forsand kommune.

For den gryande blåskjell-industrien er Forsand eit viktig knutepunkt, med landets mest moderne pakkeri. Sjølv om næringa har opplevd ein tung start, har kommunen framleis framtidstru på blåskjell.

Forsand har røynt at havbruksverksemd også kan gi stabile og gode arbeidsplassar. Forskningsstasjonen til Nutreco på Lerang er eit godt døme. Eiane Smolt som leverer laksebabyar frå anlegget sitt ved Lysefjorden til verdens største lakseprodusent eit anna.

Forsand husar blant anna konsulentverksemda Havbrukskompaniet som har spesialisert seg på havbruk.

Samtidig er kommunen stadig på jakt etter initiativ som kan skapa ny verksemd i den store kraftkommunen med om lag 1000 innbyggjarar.

Fleire stader i kommunen finnst det tilgang på sjøvatn som er naturleg filtert gjennom sand og grusmassar. Dette gjer kvaliteten på vatnet særs god og temperaturen stabil.

Det har alt vore drive forsøksproduksjon med nye marine artar i Forsand, og etterkvart som ny kunnskap gjer slik produksjon meir stabil bør kommunen vera ein ypperleg stad å skriva nye kapittel i det norske oppdrettseventyret.

Både politikarar og administrasjon i kommunen har fleire gonger tidlegare vist vågemot og satsingsvilje for å få nye næringar på fote.

-Har folk gode prosjekt, så er me alltid interessert. Det er berre å ta kontakt, seier næringssjef Årstein Løland.

Kontaktinformasjon:
 
Webside http://www.forsand.kommune.no
E-post alo@forsand.kommune.no
Telefoner 51700000 / 91544880
Faks 51700001
Kontaktpersoner Årstein Løland
Postnummer 4110
Poststed FORSAND

 
   
   

© Biomarin Vekst - Bildene på disse sidene kommer fra Eksportutvalget for fisk eller Biomarin Vekst