I lengderetninga
Tekst/foto: Gunnar Eiterjord, Samferdselssjef i Rogaland fylkeskommune
Eg fekk nettopp en klok melding inn på skjermen: "Det finnes tre typer mennesker - de som drar lasset, de som sitter på lasset og de som stikker kjepper i hjulene ..."
Meldinga bør vere ein tankevekkar for dei fleste av oss. Slår vi alltid ballen i lengderetninga. Ser vi utfordringar og er fokusert på å løyse dei i staden for å dvele ved problem? Eg er neimen ikkje sikker på at alle gjer det. Kulturen her vest, der jærbondens entrepenørånd er kombinert med fiskarens og fangsmannens evne til å ta risiko og satse når muligheter er der, er eit godt utgangspunkt – for oss. Men – vi må samhandle med andre – ofte i hovudstaden. Og det er ikkje alltid like enkelt.
Som han sa det ein av politikarane våre, eit av dei nye satsingsområdene for konsulentbransjen var å lære seg å tolke statlege rundskriv. Slå den du! Og tett rundt det sentrale statsbyråkratiet i hovudstaden ligger dei på rekke og rad og er gode til å gje innspel på nye moglege utgreiingar. For det er eit kjent triks å be om meir utgreiingar når du egentlig ikkje vil at noko skal bli gjort.
Og pliktoppfyllande gjer vi arbeidet og sender departementet dei utgreiingane dei har pålagt oss. Og vi ventar på svar - i fire veker, i åtte veker og vi ventar ……… framleis. Også når vi skal betale det meste av regninga sjøl, skal dei og etatane deira ha det siste ordet. For vi kan jo gjere noko gale. Og for sikkerhets skyld må dei plage oss eit par dagar på seminar for å finne ut om vi egentlig veit kva vi vil - til dømes å byggje bybane på Nord-Jæren slik at vi også i framtida greier å løyse transportutfordringane våre.
Og så passar det å hente ned nokre gamle statsrådar frå hornet på veggen for å fortelje om kor gale det kan gå om vi får bestemme sjøl i dei nye regionane. Interessant – vi betaler stor sett det vi har forplikta oss til i motsetning til staten. Samferdselsbudsjettet sin andel av statsbudsjettet har gått ned frå 8,5 til knapt 3% på tyve år. Og sakshandsaminga i fylket tar kanske nokre månader på ei sak som ligger i det statlege byårkratiet i opptil tre år. Skulle vi fokusert på effektivitet og oppfølgingsgrad hadde staten for lengst blitt fråtatt ansvaret for dei fleste av samferdselsoppgåvene.
Nei – vi vil ikkje bli som dei med mest fokus på det indre liv (og handlingsregelen). La oss fokusere på dei utanfor huset som vi er satt til å betjene og yte service for. Og la oss få ansvar. Magnhild – er du med?
Det går mot helg og vinter for de av oss som er glad i godt skiføre. Vi får glede oss over det. |