Fritekst søk:
 
 

Publisert av: Erik Lindboe - 19.01.2009

   

Russiske stipendiatar i Rogaland fylkeskommune
Tekst: Geir Sør-Reime, Internasjonal koordinator
Foto: Jan G. Auestad, Fylkeskonservator

I september var Rogaland fylkeskomune vertskap for to russiske stipendiatar. Dei kom hit under noko som blir kalla Presidentprogrammet og som er eit russisk program for leiarutvikling, og som omfattar eit utanlandsopphald. Russland har samarbeid med fleire land om desse utanlandsopphalda, og eitt av landa er Noreg. Her i landet er det KS (Kommunenes Sentralforbund) og NHO (Næringslivets Hovudorganisasjon) som
organiserer opphalda for dei russiske stipendiatane som vel å koma til Noreg.

I år kom det 30 stipendiatar, og etter ei veke i Oslo med orientering om norske samfunnshøve, blei dei sendt ut til vertsorganisasjonar rundt i landet. I Rogaland var to stipendiatar i Rogaland fylkeskommune, medan tre var i NHO programmet i ulike bedrifter. Dei to som var hos oss var Natalia Medvedeva frå det sjølvstyrte området Nenets i Nord- Russland, og som Rogaland fylkeskommune  har ein samarbeidsavtale med, og Evgenia Argunova frå Republikken Sakha heilt aust i Russland, midt i Sibir. Natalia arbeider til vanleg i ein regionalt utviklingsorganisasjon for Nenets, medan Avgenia arbeider hos visepresidenten i Republikken Sakha.
Begge var interessert i både kultur og kulturvern, samfunnsplanlegging, og i skole og undervisning, og programmet deira her blei difor prega av dette. Dei møtte våre sentrale folkevalde, dei fekk eit innblikk i fylkesutvalet, dei hadde møte med informasjonsavdelinga, regionalplanseksjonen og ikkje minst hadde kulturseksjonen hovudansvar for programmet. Forutan at dei fekk vera med ein dag med den kulturelle
skulesekken, var dei ei heil veke på tur med kulturvernarane våre.

Også opplæringsavdelinga tok seg av dei ein dag, og skulekontoret i Stavanger hadde dei i to dagar. Endeleg hadde dei også ein dag hos Byantikvaren i Stavanger. I tillegg sendte vi deg også til Sogn og Fjordane fylkeskommune, der dei var i tre dagar.

Etter tre veker utplassert rundt i landet blei alle stipendiatane samla igjen i Oslo til evaluering og avskjedsfest. Natalia og Evgenia var veldig nøgde med opphaldet her i Rogaland og det er neppe siste gang vi tek imot stipendiatar frå Russland. Frå og med neste år blir ordninga utvida, slik at norske stipendiatar
kan få opphald i Russland på liknande vilkår. Både Natalia og Evgenia har jo invitert dei fleste dei møtte til å kome til deira regionar i Russland.

 
   
   
Relatert informasjon
Aker Solutions
Euroland nytt nivå i Europa
Fag- og yrkesopplæring i støpeskjeen
Forberedt på framtida
Hva forventer næringslivet av fylket - som leverandør av kompetanse
Introduksjon
Nytt bygg for musikk, dans og drama i Bjergsted
PETIT: 6.200 millionar - kvart år
Regionale forskningsfond
Rådvillige Rådgivere
Samferdselsutvalget på studietur
Stavanger offshore tekniske skole
Verdensopspennende boreopplæring